2003

Starta eg med måling av været i Hardangerfjorden

30

grader 19. juni er varmaste måling i 2020

17 cm

snø 17. februar 2020

Værmåling på Kvamsøy

Kvamsøy ligg midt i Hardangerfjorden, ca. 5 km sør-aust frå Øystese. Normal temperatur om vinteren er sjelden under 0 grader. Det hender Kvamsøy er varmaste plassen i landet. Det er som regel litt varmare på øya enn på fastlandet, her er ingen dalatrekk, og så er det sjø på alle kantar. Det veks mange artar av både blomar og tre her.

Starten på verstasjonen var at båtane som ferdast på Samlafjorden (fjordstykke frå Jondal til Utne) ville ha info om vindstyrken. Målestasjonen ligg lengst aust på Kvamsøy, fyrste året den var i drift målte den vind med orkan styrke både inn og ut fjorden. Det blir målt vindretning og vindstyrke, temperatur, luftfuktigheit, lufttrykk og nedbør, alt automatisk, ein gong i timen døgnet rundt. Desse opplysningane blir sendt til Meteorologisk Institutt.

Eg blei spurt om eg kunne senda visuelle observasjonar i tillegg til dei opplysningane som går automatisk. Det sa eg at eg kunne, for eg var jo bunden med mjølkekyr på dei tider. Min jobb er å sei korleis veret er, korleis det har vert sidan sist melding, tre gonger om dagen. Dersom eg er på tur, må eg ha avløysar til vermeldingane, dei skal inn kvar dag, året rundt.

Verstasjonen ligg 49 m over havet, og blei starta i november 2003.

Væråret 2020:

Varmast i 2020 var 19.juni med 30 grader

Mest nedbør på ein mnd var februar, med 394,4mm, det normale er 158.0mm

Kraftigaste vind, so langt i år, var 17.februar med 20,6 m/s

Mest snø var det 17, februar, med 17cm.

Klypp frå NRK – Laurdagsrevyen 26.11.2016

https://tv.nrk.no/serie/dagsrevyen/NNFA02112616/26-11-2016#t=17m30s

Levert av Bukken.no © Kopirett - Signe Karin Kvamsoy