Signe Karin Kvamsøy

Eg, Signe Karin Kvamsøy overtok garden frå mor og far i 1991. Då var det 15 mjølkekyr med ungdyr her på øya.

Då var rutina slik at om morgonen kl. 09.00 bar det til Øystese med mjølka, to dagar ei veke og tre dagar i neste veka, og slik gjekk det annankvar veke.

I 2003 starta eg med Kasjmirgeiter, var å henta 9 geiter og to bukkar på Gol.

I 2005 slutta eg med mjølkekyr og gjekk over til ammekyr. Det var ei blanding av NRF og til slutt rein Hereford.

I 2012 slutta eg med ammekyr, det blei litt stritt med dei store dyra som skulle i båt på veg til fastlandet og slakthuset.

No er det Kasjmir geiter som gjeld! – Eg er litt sterkare og litt meir sta enn dei…

Det er jo ikkje noko å bli rik av, men dei hjelper med å rydda i landskapet. Når det er rydda eit område, kjem det ikkje opp att nytt kratt, det ordnar geitene for meg.

I starten var det berre kvite dyr, no er det mange fargar på flokken.

Denne sommaren har det gått fem geiter på Aksnesholmen, for å rydda i busk og kratt, dei reiser heim om hausten.

Eg har planar om å turka alt vinterforet, men denne sommaren gjekk det ikkje, måtte slå med forhaustaren til siloen, for å sikra maten til vinteren. Fekk sleie eit par teigar til turrhøy, innimellom regnet. Håpar på bedre ver til neste sommar !! Om eg får valet vil eg helst ikkje hesja, men for to år sidan måtte eg, då må eg ha el-gjerde rundt hesa, så geitene ikkje får ein for enkel jobb til matfatet. Prøvde eit år å hesja inne, det blei bortebom, måtte hiva ut nesten alt for det mygla fordi det var for tett på løa.

Bumerke, som ligg oppe til venstre på sidene, er ein grafisk figur frå gamalt av, formålet er å ha eit kjennetegn på ein person eller ein eigendom.

Ta kontakt om du skulle vera  interessert i nokon av produkta mine!

Bilda over

Kvamsøy sett frå Rykkje

På bildet er bestefar eit år, året er 1903, dei sit framfor det som var driftsbygningen, vegg i vegg med bustadhuset, på same plassen som min driftsbygning ligg i dag.

Driftsbyggninga slik den er i dag

Levert av Bukken.no © Kopirett - Signe Karin Kvamsoy